Skjåk og Lesja ser ut til å få mest nedbør

Politiet oppmodar folk til å flytte og sikre verdigjenstander.

Breidalen: Breidalen vest i Skjåk tysdag ettermiddag.  Foto: Webkamera/SVV

Nyheiter

Mildvêr og store nedbørsmengder dei komande dagane fører til stor fare for flaum, snøskred og jordskred i Nord-Gudbrandsdalen, Valdres og Folldal i Østerdalen.

Politiet i Innlandet oppmodar befolkninga til å sikre og flytte verdiar bort frå utsette område.

NVE har sendt ut farevarsel på oransje nivå for flaum for dei nordvestlege delane av Innlandet fylke. Skjåk kommune og Lesja kommune ser ut til å få størst nedbørsmengder. Farevarselet gjeld frå onsdag 12. januar. Det er også stor fare for flaum, snøskred og jordskred i dei nordvestlege delane av Valdres og Folldal i Østerdalen.

Politiet oppmodar sterkt at folk ikkje tek ut på skitur eller topptur i høgfjellet dei komande dagane.

Politiet ber også alle til å halde seg oppdatert om situasjonen på www.varsom.no.

– Det viktigaste nå er at alle sikrar eigne verdiar som står ved elver og bekkar, for eksempel campingvogner og bilar. Flytt dei bort frå utsette område. Reinsk vassvegar som kummar for snø, is og jord slik at vatnet kan renne fritt og ikkje lagar nye vassvegar. Hald god avstand til elver og bekkar med stor vassføring, seier Pål Erik Teigen, stabssjef i Innlandet politidistrikt.

Politiet har sett i gang eigne tiltak med ekstra mannskap på vakt og en tett dialog med Statsforvaltaren i Innlandet og dei berørte kommunane.