Får køyre opp reserveløype for hundekøyring

Vågå kommune har gjeve Jotunheimen Husky Lodge løyve til å bruke snøskuter for å køyre opp ei reserveløype i Sjodalen for å unngå konflikt med tamrein.

Hundekøyring: Jotunheimen Husky Lodge har fått løyve til å køyre opp ei reserveløype for hundekøyring.   Foto: Arve Danielsen/arkiv

Nyheiter

Jotunheimen Husky Lodge har løyve til å køyre løype frå Randsverk til Fugelsætermyrin og Veomyrin og Veofjellet. Det er ikkje mogleg å bruke desse løypene per dags dato på grunn av at tamrein held til i området.