Tre personar stadfesta smitta i Lom

Lom kommune melder måndag kveld at tre personar har fått påvist korona i Lom.
Nyheiter

Dei smitta er isolert, og blir fylgd opp av kommunens helseteneste.

– Det er ingen samanheng mellom dei tre stadfesta smitta. Eitt av tilfella har ukjent smitteveg, opplyser Lom kommune.

Som fylgje av smittetilfella i Lom er 15 nærkontaktar nå i karantene.

Lom kommune understrekar at det er viktig å teste seg ved minste teikn til symptom.

– Vi er sårbare, og sjukefråvêret kan bli høgt dersom mange blir smitta samstundes. I tillegg er det mange som får tredje dose i desse dagar, men framleis er ikkje alle tilstrekkeleg beskytta. Hald difor fram med å følgje smitteverntiltaka, oppmodar Lom kommune.