Svært mykje regn – oransje nivå

Frå onsdag ettermiddag til torsdag kveld er det venta svært mykje regn lengst nordvest i Oppland.

Svært mykje regn: Kart over svært mykje regn, oransje nivå.   Foto: Illustrasjon/Meteorologisk institutt.

Nyheiter

Det melder Meteorologisk institutt.

Det kan koma mellom 60 og 80 millimeter i løpet av 24 timar.

Konsekvensen er at det kan bli fare for overvatn i tettbygde strok, fare for stengde vegar og/eller overvatn ved bekke- og elveløp. Mange reiser vil kunne få lenger reisetid. Det kan bli vanskelege køyreforhold. Somme stader vil ein kunne misse vegsambandet, gjerne fleire dagar.

Samstundes varslar NVE om fare for jord, sørpe og flaumskred for store delar av sør- og midt-Noreg. Også dette varselet er på oransje nivå.

– Fleire jord, sørpe og flaumskred er forventa. Somme kan få store konsekvensar, melder NVE.

Betydning av varselsnivå: Alvorleg situasjon som vil krevja beredskapsmessige førebuingar og som kan medføre alvorlege skader. Oransje nivå er det nest høgaste av varslingsnivåa.