Årskavalkade: Dette skjedde i Ottadalen i 2021 - del 2

Dette skjedde i Skjåk, Lom og Vågå i perioden juni-desember 2021.

Brann i Oppljostunnelen: Det naudetatar, transportørar og alle andre fryktar aller mest skjedde i august. Da fekk brannvesenet melding om brann i ein bil midt inne i den 4,6 kilometer lange Oppljostunnelen på rv15. Til alt hell gjekk alt bra denne gongen.  Foto: Hans Erik Kjosbakken

Nyheiter

JUNI

Kostbar flaumsikring

Det vil truleg koste 66,4 millionar kroner å flaumsikre Bismo.NVE foreslår å opparbeide ein 2.250 meter lang sikring langs Ottaelva beståande av flaumvoll og ein sikringsmur. Bismo vart hardt ramma av flaum den 14. og 15. oktober 2018. Totalt ramma flaumen 30 bustadhus, 30 næringsbygg, fleire andre mindre bygg, Skjåkheimen og infrastruktur i og gjennom sentrum.