«Ny» lomvær med ny barnebok

I mai i fjor kjøpte Rita Helmi Toivosdatter Laakso seg hus i Lom. I desember i fjor gav ho ut barnebok – på norsk og samisk.

Lom: Rita Helmi Toivosdatter Laakso busette seg i Lom i fjor. I desember gav ho ut barneboka «Lilleprinsen og runebomma».  Foto: Vigdis Kroken

Nyheiter

– Eg har slekt i både Lom og Skjåk. I tillegg har eg finsk-samisk bakgrunn på farssida. I mange år har det vore ein draum for meg kunne gje ut bok for barn på både norsk og samisk. Nå er boka her, fortel Rita.