Aukande smittefare – 2.586 innlendingar fekk fyrste stikk i desember

Ved utgangen av 2021 var det 22.500 innlendingar over 18 år som ikkje hadde teke vaksine.

Innlandet har nok vaksinar: – Kommunane i Innlandet gjer ein svært god jobb med å tilby vaksinering. Oppmodinga for det nye året er å la seg vaksinere! ber Statsforvaltaren i Innlandet.   Foto: Illustrasjon/Mostphotos

Nyheiter

Statsforvaltaren i Innlandet melder at det er venta ei stor bølgje med smitte og at risikoen for å bli smitta nå er større enn nokon gong. Folkehelseinstituttet oppmodar uvaksinerte til å møte opp for vaksinering nå i starten av det nye året.

– Omikronvarianten fører nå til ei ny bølgje av smitte og sjukehusinnleggingar i mange europeiske land. Kommunane og sjukehusa i Innlandet førebur seg på at denne bølgja også kjem til Innlandet i januar. I følgje FHI har vi nå eit stutt tidsintervall før smitta raskt vil stige, som må nyttast for å få vaksinert flest mogleg. Når mange blir smitta i løpet av stutt tid, vil risikoen for å bli alvorleg sjuk vera større enn nokon gong for dei som ikkje er vaksinerte. Vaksinene vil bekytte den enkelte godt, melder Statsforvaltaren.

Ved utgangen av 2021 var det 22.500 innlendingar over 18 år som ikkje hadde teke vaksine eller har vore smitta av korona det siste året. Blant dei over 45 år er det 5,2 prosent som ikkje har teke vaksine eller har vore smitta – det utgjer om lag 9.900 personar. I gruppa mellom 18 og 44 år er det dobbelt så mange som ikkje har teke vaksine; 11 prosent.

– 1 av 10 har ikkje teke vaksine i gruppa 18-44 år, medan det berre gjeld 1 av 20 i gruppa over 45 år, fastlår Statsforvaltaren.

FHI er spesielt opptekne av at risikogrupper og alle over 45 år får teke oppfriskingsdose når det er gått 4,5 månader sidan siste dose.

– Det er ikkje mangel på vaksinar i Innlandet, og kommunane gjer ein svært god jobb med å tilby vaksinering. Oppmodinga for det nye året er å la seg vaksinere! ber Statsforvaltaren.