Årskavalkade: Dette skjedde i Ottadalen i 2021 - del 1

Dette skjedde i Skjåk, Lom og Vågå i januar, februar, mars, april og mai 2021.

G35: Den aller fyrste Gudbrandsdalsostens dag vart markert i Lom og Skjåk i mars. På skulekjøkenet i Skjåk vart det smurd til saman 500 matpakkar - 1.000 kakuskiver - til alle skuleelevane i dei to kommunane. Frå venstre: Lomsordførar Bjarne Eiolf Holø, tidlegare skjåkordførar Rolv Kristen Øygard, skjåkordførar Edel Kveen og konsernsjef i TINE Gunnar Hovland.  Foto: Tom Erik Solstad

Nyheiter

JANUAR

Legg ned Akantus

Andre prioriteringar og tidsnaud er årsaka til at Anne Grete Skjåk og Jon Sigurd Bøhle nå har bestemt seg for å gjeva seg på Skjåk kjøpesenter etter påske. Dei håpar at einkvan vil drive vidare med blomar på senteret. Akantus Blomster opna på Skjåk kjøpesenter i Bismo i september 2012. Skjåk Gartneri vil halde sesongope som før.

Logre doblar arealet i Øyom

Logre veterinærklinikk i Lom utvidar både areal og tilbod. Logre som er plassert i ein del av Lom møbelindustri får nå enda større plass for behandling og butikk. Arne Kolden fortel at det i dei nye lokala blir både nytt undersøkingsrom, ein «frisørsalong» for hundar og kattar og større butikk. Kolden reknar med at ein kan ta dei nye lokala i bruk i løpet av vinteren.

Omsetningsvekst for Kiwi i Vågå

I eit mildt sagt uvanleg og krevjande år har Kiwi i Vågå opplevd stor vekst i 2020. Daglegvarebutikken nådde 75 millionar kroner i omsetning, ein vekst på 16 prosent. Dette er rundt 10 millionar kroner meir enn året før.

Skieventyr på Mån

Tessand IL har sluttført prosjektet med ei storstilt oppgradering av skianlegget, som dei håpar mange vil nytte seg enda meir av framover. Prosjektet starta Tessand Idrettslag opp med i 2016. Med stor motivasjon gauv dei på og bygde ut 30 mål med skileikanlegg. Eit anlegg som nå inneheld både eiga skicrossløype, bob- og akebane og kuleløyper. I tillegg har dei utvida lysløypa og investert i nytt ljos, ATV og sporleggar.

Mai Bakken på tredjeplass

– Eg er svært glad for den tilliten møtet viste meg i dag. Eg vil arbeide for å styrke SV sin politikk, som eg er trygg på er ein politikk for framtida, sa Mai Bakken etter SVs nominasjonsmøte i Oppland valdistrikt, der den lokale SV-politikaren rykka opp frå ein sjuandeplass til ein tredjeplass til haustens stortingsval.

Lom bryggeri utvidar kapasiteten

For å kunne produsere nok øl, blir det i desse dagar sett på plass ytterlegare to tankar i Lom bryggeri i Grjotheim. I 2015/16 vart det installert ti tankar, kvar på 1.000 liter. I 2019 kom det på plass to tankar til, kvar på 2.000 liter. Dette synte seg å heller ikkje vera nok. Ola Gjeilo konkluderer med at produksjonskapasiteten i bryggeriet nærast er dobla sidan starten i 2016.

Starta spleis for dyra

Elise Forberg (20) i Skjåk har heile tida vore svært dyrekjær. Da ho fylgde med på skredarbeidet i Gjerdrum oppretta ho ein Spleis for å støtte heimeveterinæren som hjelper dyra etter skredet. Så langt har ho samla inn nesten 140.000 kroner.

FEBRUAR

Nytt vertskap på Spiterstulen

47 år gamle Ingvild Iversen er tilsett som ny vertinne på Spiterstulen. Ho er fødd og oppvaksen i Bergen, men er for tida busett i Nordre Follo. Ingvild Iversen fortel at Spiterstulen skal opne til påske.

Spesielt oppdrag

Seks understell eller vogner til gamle kanonar på Akershus festning blir bygd i laftehallen til bedrifta Stokk og Stein, som vanlegvis driv med tømrararbeid i heilt andre samanhenger enn våpen. Delar til understella til tre firehjula og tre tohjula kanonar, på kanonspråket kalla lavettar og rappertar ligg klare til maling og montering. Nokor arbeidsteikning fylgde ikkje med det spesielle oppdraget, som er kostnadsrekna til om lag 500.000 kroner, og som skal vera ferdig i løpet av våren.

Kald januarmånad

Historikk frå Meteorologisk institutt sin målestasjon i Grotli i Skjåk viser at januarmånaden vi har lagt bak oss, er den kaldaste sidan 2010. Lågaste temperatur som vart målt i Grotli i januar i år, var -30,4 grader, medan høgaste temperatur var 0,1 grader. Middeltemperaturen for januar vart -15,3 grader i Grotli. Til samanlikning var middeltemperaturen i fjor -2,1 grader.

Stor skiglede i Botn

Ski- og skiskyttargruppa i Skjåk IL arrangerte det fyrste skirennet for sesongen, nemleg Telenorrenn i Botn. 55 barn og unge stilte til start i skirennet, noko som i fylgje Håvard Gartland i skigruppa, er om lag ti deltakarar fleire enn det brukar å vera.

Pris til Brimi

Nynorsk næringslivspris 2020 er tildelt kokk, gründer og forretningsmannen Arne Brimi. Prisen vart fyrste gong delt ut i 2006, og føremålet er å fremje innsats for og bruk av nynorsk i næringsverksemd. Det er Noregs Mållag som står bak prisen.

Ingen russerevy i år heller

For andre året på rad har Lomsrussen avlyst russerevyen, på grunn av koronapandemien. Russen er førebudd på at det vil bli ei svært amputert russetid i mai.

Massevaksineringa i gang

Både i Skjåk og Lom er massevaksineringa i full gang. Mari Langleite Barrusten i Skjåk pensjonerte seg som helsesjukepleiar i 2011. Nå er ho hyra inn for å vera med på massevaksineringa i Marlo grendehus. I Lom går vaksineringa føre seg i idrettshallen i Utgard. Vågå er ikkjei gang med massevaksinering.

Store utbyggingsplanar

Nilsbue AS ved Ola Steinbakke planlegg nybygg på inntil 3 etasjar ut mot Bøvre, med plass til 9 leilegheiter.

Forballheider til Tor Olav

Tor Olav Mundal vart laurdag formelt tildelt prisen Årets Klubbsjel 2020 under Indre Østland fotballkrets sitt digitale kretsting.

Filminnspeling i Sjodalen

Denne månaden er det innspeling av «Tre nøtter til Askepott» i Sjodalen i Vågå. Kari Lund og Bjørn Ekerbakke på Bessheim husar bortimot 60 filmfolk, og er blant bedriftene i området som tener gode pengar på filminnspelinga.

MARS

Vågå får nytt turistkontor

Camilla Gundersen og Heidi Strømstad gler seg til å henge opp turistinformasjon-skiltet utanfor Storlienbygget i Vågå. 1. mars overtok dei lokala som nå er klare for å innreiast, totalt 70 kvadratmeter stort. Turistkontoret vil vere ope kvar dag i sommarsesongen mai til september.

Vil i samtaler med Vågå

Kommunedirektør Ivar Bø i Skjåk rår til at ein lyt vera med på samtalane med Vågå om ein større kommune. Alternativt vil han sjå til Lom eller Stryn.

Olavsrosa til Hindsæter

Hindsæter Fjellhotell i Sjodalen er tildelt Olavsrosa av Stiftelsen Norsk Kulturarv.

Ny leiar i Skjåk Røde Kors

Ola Flåten har teke over som leiar i Skjåk Røde Kors, etter Hans Heggebotn, som har vore leiar i ei årrekkje. Flåten har vore medlem i Skjåk Røde Kors i bortimot 15 år, og har med det lang erfaring i lokalforeininga.

Album med eigen musikk

«My Kind of Country» heiter Jon Olav Kolden sitt album, som inneheld 11 sjølvskrivne låtar pluss den tidlegare utgjevne duetten med Georgette Jones, «Golden Ring». Fredag vart dei tolv låtane tilgjengelege på straumetenesta Spotify. Albumet vil òg bli å få tak i som CD.

Gudbrandsdalsostens dag

«Lenge Leve G35!». Det er kommunane Lom og Skjåk som har teke initiativ til å etablere Gudbrandsdalsostens dag som ei årleg markering. Denne veka vart dagen markert for fyrste gong i Lom og Skjåk. Det vart smurd 500 matpakkar - og 1.000 kakuskiver - på skulekjøkenet onsdag, før dei vart delt ut som lønsj til lykkelege skuleelevar i dei to kommunane.

Vil kjempe for riksveg 15

Riksveg 15 og tunnelane på fjellet er ikkje nemnd i regjeringa sitt forslag til Nasjonal Transportplan 2022-2033. Skjåkordførar Edel Kveen er skuffa og oppgjeven, men er klar for å kjempe vidare for å få riksvegen med.

APRIL

Fullteikna fjelløp

Jotunheimen Ultimate Challenge, fjelløpet over Glittertind og Galdhøpiggen - frå Glitterheim til Juvasshytta, skal springast den 3. juli. Det er ei utfordring på 35 kilometer, med 3.500 meter stigning.

– Nå har vi sett strek. 200 har meldt seg på, og det var grensa vi måtte setja. Dette er jælma artigt, og eigentleg litegrann tøft - at det fyrste løpet allereie nå er fullteikna, seier Knut Vole i arrangørgruppa.

Fekk statens kunstnarstipend

Bjørn Kåre Odde fekk i slutten av mars meldinga om at han er ein av fleire som får statleg kunstnarstipend for eitt år.

– Det passa bra med dette nå. Eg trur kanskje eg har hatt tre konsertar med folk i salen det siste året, seier Odde.

Også Vegar Vårdal frå Vågå har fått kunstnarstipend for det komande året.

Massivtre-element i Vågå Bruk

Maskiner og utstyr er under montering og i løpet av sommaren vil produksjonen av massivtre på Vågå Bruk vere i gang. I vinter kjøpte Ottadalen Massivtre AS konkursbuet etter Nordisk Massivtre på Kongsvinger og flytta alt produksjonsutstyr til Vågå. Selskapet er eigd av Langmorkje Almenning, Skjåk Almenning, SEBB AS og Brun Bygg AS. Det er selskapet Vågå Bruk AS som eig lokala der massivterbedrifta leiger vel tre tusen kvadratmeter til produksjonslokale.

Stort underskot for NGR

Det interkommunale selskapet NGR gjekk over to millionar kroner i underskot i 2020. Pål Sverre Andgard fortel at grunnen til underskotet er mindre avfall og auka utgifter.

Vann Spellemannprisen

Mads Erik Odde er tredje generasjon Odde som vinn Spellemannprisen. Mads Erik vann prisen i kategorien folkemusikk/tradisjonsmusikk for plata si «Logne slåttar».

Må få avklara framtida

Det er snart tomt for pengar til å kunne drifte og halde Gjeilo grendehus ved like. Engasjement, drivkraft og inntekter må nå til. Om ikkje ser ikkje Gjeilo Krets anna utveg enn å måtte gjeva den gamle grendeskulen og grendehuset i Skjåk attende til kommunen.

Millionsatsing

Vågå Handelsforening får nye lokale eigarar. Brage Weldingh, Roger Gården og Sigurd Rønningen har store planar for bygget. Dei vil investere 45 millionar kroner i sanering og nybygg for å utvikle «foreiningje».

MAI

Nyetablering i Skjåk

– Naturen bognar av næring og energi, men vi menneske nyttar oss berre av ein liten brøkdel av det naturen produserer.

Det seier Inge Morken og Rita Kirkenes. Dei bur på Nørdre Dalain i Skjåk, og har stifta enkeltmannsforetaket Tyt uttu. Gjennom foretaket ynskjer paret å nytte lokale ressursar og råvarer til heilårsproduksjon og sal av matsopp og mikrogrønt.

Forsikringsselskapet snudde

Etter ein to og eit halvt år lang kamp mot forsikringsselskapet, kan ekteparet Per Thorstein Dagsgard og Synnøve Bismo Dagsgard i Skjåk nå endeleg smile, og snart gå i gang med å byggje seg nytt hus.

Heilt sidan oktoberflaumen i 2018 har dei kjempa mot forsikringsselskapet Fremtind, for å få full erstatning etter huset dei mista i Industrivegen, der ein tvist mellom forsikringsselskapet og Skjåk kommune har mykje av skulda for at ting har teke lang tid. Men nå blir det hus!

Nøgde: Ekteparet Per Thorstein Dagsgard og Synnøve Bismo Dagsgard kan endeleg smile, etter å ha kjempa mot forsikringsselskapet i over to år.  Foto: Tom Erik Solstad

Gåve til ambulansetenesta

Ottadalen Mølle SA har kjøpt inn ein hjartekompresjonsmaskin til ambulansetenesta i Ottadalen.

Maskinen, som er topp moderne og har med seg alt av tilleggsutstyr, kosta om lag 160.000 kroner.

Fekk medalje frå Forsvaret

Sylfest Storlien (94) i Vågå tenestegjorde i Tysklandsbrigaden i 1948. På frigjeringsdagen vart han heidra med Tysklandsbrigaden veteranforbunds medalje og Forsvarets medalje for Internasjonale operasjonar.

Tilbyr gratis flyttehjelp

Sparebank 1 Lom og Skjåk tilbyr gratis flyttehjelp til folk som vil flytte «til fjells». Målet er å få fleire til å velja Nord-Gudbrandalen og leva eit liv utanfor storbyen.

Har starta utleige av bubilar

Bodil og Bjørn Andreas Ovesen har starta firmaet BobiLom, utleige av bubilar. Bubilentusisastar har dei vore i fleire år, og etter ein liten tur for om lag ein månad sidan fann dei ut kva dei skulle gjera. Det einaste som er manglar før ein er heilt oppe og går, er kasse og eit bookingsystem. BobiLom opnar offisielt 29. mai.

Del 2 av denne årskavalkaden, med perioden juni-desember 2021, blir publisert i morgon, sundag.


Årskavalkade: Dette skjedde i Ottadalen i 2021 - del 2

Dette skjedde i Skjåk, Lom og Vågå i perioden juni-desember 2021.