Småhus skal framleis ha moglegheit til vedfyring

Regjeringa vil ikkje fjerne kravet om at småhus må ha pipe frå byggteknisk forskrift.

Vedfyring: Det skal framleis vera krav om moglegheit til å fyre med ved.  Foto: Illustrasjon/Hans Erik Kjosbakken

Nyheiter

− Det er viktig at folk kan halde varmen viss det skjer ein naturkatastrofe eller anna stor hending. Ved å behalde kravet om pipe, legg vi til rette for at fleire kan fyre med ved, seier kommunal- og distriktsminister Bjørn Arild Gram i ei pressemelding.

Høyringsforslaget Klimabaserte energikrav til bygg inneheld blant anna eit forslag om å fjerne dagens krav i byggteknisk forskrift om at bueining i småhus må ha skorstein.

Departementet går fortsatt gjennom høyringa og innspela til denne, men kan allereie nå slå fast at pipekravet består.