Éin er smitta i Skjåk

Smittevegen er kjend.
Nyheiter

Skjåk kommune melder at dei denne veka har fått stadfesta èin smitta person med covid19.

Den smitta er isolert i eigen heim, og blir fylgt opp at kommunens koronateam.

Den smitta har ingen nærkontaktar i Skjåk.

Skjåk kommune melder elles at ingen elevar eller tilsette testa positivt etter massetesting i forkant av skule- og barnehagestart i Skjåk kommune.

Det blir drop-in-koronavaksinering på Skjåk helsestasjon laurdag 29. januar frå klokka 10.00-13.00.