Edvard jaktar sine fyrste poeng i norgescupen

Edvard Haugen har gjort det bra på forskjellige arenaer. Nå er det fyrst og fremst skiskyting som gjeld for 16-åringen. Edvard har byrja på skigymnas og skal til helga gå for sine aller fyrste poeng i  norgescupen.

Satsar: Edvard Haugen har konvertert frå langrenn til skiskyting og har ambisjonar om å hevde seg i denne idretten på sikt.  Foto: Svein Halvor Moe

Nyheiter

– Eg fekk trena bra inn mot jul, og har fått fleire gode økter etter det. Den fysiske forma har vorte mykje betre. På standplass har det også fungert bra. Eg ser difor fram til komande helgs opning av norgescupen. Denne veka gjer eg unna dei siste førebuingane før vi reiser til Austlandet, seier Edvard Haugen.