Denne veka får Innlandet 200.000 sjølvtestar

Torsdag denne veka vil kommunane i Innlandet få ein større leveranse både av sjølvtestar til utdeling og testar til profesjonell bruk.

Sjølvtestar: – Torsdag denne veka får kommunane ein større leveranse med sjølvtestar, melder Statsforvaltaren.   Foto: Illustrasjon/Vigdis Kroken

Nyheiter

Statsforvaltaren samarbeider med Helsedirektoratet om fordeling av testar som skal leverast til kommunane.

Denne veka kjem det ein stor leveranse til Innlandet. For å tildele testar, tek Helsedirektoratet utgangspunkt i kva slags lagerstatus kommunane har rapportert – og ser dette opp mot folketalet. Testane blir fordelt til dei kommunane som har færrast testar per innbyggjar.

Det har vore knapt med hurtigtestar på grunn av store behov for testar i heile verda, men denne veka fekk Helsedirektoratet inn ein større leveranse som ikkje var planlagt.

– Etter kvart vil ein få tilfredsstillande lager i alle kommunane, melder Statsforvaltaren, som forventar større leveransar i vekene som kjem.