– Nå har vi eit luksusproblem!

11 personar har søkt stillinga som dagleg leiar ved Friviljugsentralen i Lom. Det er styreleiar Arve Nørjordet svært nøgd med.

Friviljugsentralen: Friviljugsentralen i Lom er på jakt etter ny dagleg leiar. Dei har fått ei gild søkjarliste.   Foto: Vigdis Kroken

Nyheiter

– Ikkje berre fekk vi mange søkjarar; mange av dei har òg svært god utdanning. For å seia det slik: Nå har vi eit luksusproblem! slår Nørjordet fast.