Lag og organisasjonar i Lom får fri leige av kommunale bygg

– Lom kommune verdset den friviljuge innsatsen svært høgt.

Fri leige: Alle kommunale bygg, til dømes Gammelbanken, kan leigast gratis av lag og organisasjonar i Lom – for inntil 10.000 kroner per år.   Foto: Vigdis Kroken

Nyheiter

Da kommunestyret i Lom skulle ta stilling til gebyra for 2022 like før jul, vart det vedteke at alle lag og organisasjonar i Lom skal få fri leige av kommunale bygg for inntil 10.000 kroner per år.