Formsterk Oline må vente med noregscupdebuten  

Oline Vestad (17) har gått fort i alle dei fire renna ho har gått i vinter. Vågå-jenta har aldri vore i betre form og hatt større kapasitet enn nå. Derfor passar det dårleg at vinterens tre fyrste noregscuprenn er avlyst.

God start: Oline Vestad har fått ein god start på sesongen. Men tykkjer det er kjedeleg at dei tre fyrste norgescuprenna er avlyst.   Foto: Svein Halvor Moe

Nyheiter

Oline fekk rett før jul beskjed om at junior-NM-sprinten og dei tre noregscuprenna på Voss var innstilt. Oline fortel til Fjuken at det var kjedeleg. Både fordi ho i lang tid hadde sett fram til renna der, og at ho aldri har gått fortare på ski enn det ho gjer nå om dagen.