I Dønfoss naturbarnehage har dei eige tamreinlag

Saging, spikking, skruving, boring og liming. «Dønfoss naturbarnehage tamreinlag» vart eit faktum, med 14 andelsinnehavarar med kvar sin rein.

Resultatet: 14 barn har laga kvar sin bjørkerein i Dønfoss naturbarnehage. Dei to yngste i barnehagen tok ansvar og laga reingjetarar. Alle dyra fekk sitt eige originale uttrykk.   Foto: Dønfoss naturbarnehage

Nyheiter

Ein dag i november sat dei eldste i Dønfoss naturbarnehage i Skjåk og fabulerte om jul og julegåver, og kva dei skulle lage.