Lang veg til julefeiring i Lom

Sylfest Austin fortel om ein lang tur for å rekke julefeiringa med familien i Lom.

MS Thorsodd  Foto: Walter E. Frost, City of Vancouver Archives

Nyheiter

Tidleg i desember 1963 lå bulkskipet M/S «Thorsodd» i Yokohama i Japan og lossa kol frå Norfolk i USA. Eg var 1. maskinist, og hadde på det tidspunktet vore om bord i 1 ½ år. Båten gjekk i lausfart, og vi var derfor spente på kva som ville bli neste oppdrag. Det skulle vise seg å bli Vancouver Island i Kanada der vi skulle laste trelast for austkysten av USA. Eg bestemde meg for å mønstre av når vi kom til Vancouver Island, for da ville eg ha god tid til å koma meg heim til jul.