Ragnhild frå Nordberg vann årets Fjuken-bil: – Er det sant?

Overraskinga kunne nok ikkje ha vore større, for meir «fortusta» fjes skal ein leite lenge etter da Ragnhild opna døra og glåmde beint på Fjuken-nissen og Ola Sørøvre.

Vinnar av årets Heimkjærbil. Fjuken-nissen og Ola Sørøvre tok oppdraget med å spore opp vinnaren.

Nyheiter

Ragnhild Løkken frå Nordberg i Skjåk vann årets Fjuken-bil.

Overraskinga kunne nok ikkje ha vore større, for meir «fortusta» fjes skal ein leite lenge etter da Ragnhild opna døra og glåmde beint på Fjuken-nissen og Ola Sørøvre.

På sitt meir spesielle vis kunne dei to fortelja at ho er trekt ut blant tusenvis av «handle lokalt»-registreringar.

– Hæ. kva er det som skjer. Er det sant? utbraut Ragnhild da det verste sjokket var i ferd med å leggja seg.

Ragnhild sat midt i eit digitalt møte da det banka på døra.

– Eg måtte berre fortelja at det dundra på døra og at eg måtte gå for å sjekke, sa ho.

Ragnhild fortel elles at det å vinne ein el-bil er midt i blinken.

– Vi vurderer å byte bil, og vi har prata om el-bil, nå får vi moglegheit til å sjå korleis det fungerer, seier ho.

Elles tykkjer den overrumpla bilvinnaren godt om Heimkjær-kampanjen.

– Vi må handle lokalt for å støtte opp om bygdene våre, meiner ho. Sjølv var eg nedover dalen nyleg og tenkte eg skulle innom Strandtorget på Lillehammer for å fikse nokre julegåver, men så tenkte eg - søren heller, eg handlar heime.

Det vil bikke litt utpå nyåret før Ragnhild og familien kan ta bilen i bruk, men ein kan trygt seia at det var ei kjærkomen førjulsgåve som trilla inn på tunet i Svestad i Nordberg tysdag.

Heimkjær: Ragnhild Løkken (to frå høgre) vart den store vinnaren av årets Heimkjær-kampanje. Bilen vart på spesielt vis overlevert av Fjuken-nissen og Ola Sørøvre. Marknadsansvarleg i Fjuken, Helene Flåten tok seg av det formelle.   Foto: terje randen