To nye stadfesta smitta i Vågå tysdag

Vågå kommune er nå oppe i til saman 28 smitta personar sidan smitteutbrotet tysdag i førre veke.
Nyheiter

Det er Vågå kommune som tysdag kveld melder at to nye personar har fått påvist korona i løpet av dagen.

Det er nå ei veke sidan kommune kunne melde om eit smitteutbrot i Vågå. Det totale talet på smitta i kommunen sidan utbrotet tysdag i førre veke er nå 28 personar.


Nye nasjonale tiltak frå midnatt natt til torsdag 9. desember:

Munnbindpåbod, mindre sosial kontakt, skjenkestopp og innføring av meteren att - sjå alle tiltaka

Meteren blir gjeninnført i det offentlege rom. Regjeringa innfører også påbod om munnbind når det ikkje er mogleg å halde minst 1 meter avstand på ein rekkje stader, mellom anna i butikkar og serveringsstader. Det blir også plikt for arbeidsgjevar å leggje til rette for heimekontor der dette er mogleg. Det blir også nasjonal sjenkestopp ved midnatt.