Marlo bru blir ikkje opna att før til våren

Planen var at Marlo bru i Skjåk skulle setjast i stand og opnast for trafikk att nå før jul. Men i haust vart det full stopp i anleggsarbeidet grunna øydeleggingar som følgje av høg vasstand. Nå opplyser Innlandet fylkeskommune til Fjuken at brua ikkje blir opna før til påske.

Forseinka: Marlo bru i Skjåk blir ikkje opna att for trafikk før til påske. Det melder brueigar Innlandet fylkeskommune til Fjuken.  Foto: Tom Erik Solstad/Arkiv

Nyheiter

– Det har vore litt utfordringar med høg vasstand, men vi har nå bestemt oss for korleis vi skal løyse denne utfordringa. Vi satsar på at arbeidet med Marlo bru er ferdig slik at trafikantane kan ta i bruk brua før påske, seier Einar Søberg.