Fire nye smitta - kan framleis vere villsmitte

Vågå har fått fire nye smitta i løpet av fredag. Nokon av dei var allereie i karantene.
Nyheiter

Dette melder Vågå kommune på heimesida fredag ettermiddag.

Torsdag var det 16 smitta i Vågå, og med fire nye fredag er ein oppe i 20 smitta.

Av dei fire nye smitta fredag, var nokon av dei allereie i karantene.

– Så langt vi veit verkar det for å vere god kontroll på situasjonen, men det kan framleis vere villsmitte. Vågå kommune vil ikkje stramme inn ytterlegare slik situasjonen er nå, men vil følgje dei nasjonale retningslinene, skriv kommunen på si heimeside.

Sjå dei nye nasjonale retningslinene her.