Bilbrann i Vågåmo

Fredag ettermiddag byrja det å brenne under ein bil i Vågåmo. Brannvesenet fekk kontroll på brannen.

Bilbrann: Brannvesen og politiet rykka fredag ettermiddag ut til ein bilbrann i Vågåmo.   Foto: Arve Danielsen

Nyheiter

Både Vågå brannvesen og politiet rykka fredag ettermiddag ut til ein bilbrann i krysset ved Kiwi og Vågåvegen.

Det hadde gått varmt under bilen, og brannvesenet fekk kjøla ned varmen.

Politiet var på staden for å gjere undersøkingar rundt årsaken til brannen.

Det var ingen personskader.