Bad politikarane om å vera forsiktige

Det er kommunestyremøte i Lom tysdag kveld. Ordførar Bjarne Eiolf Holø bad politikarane om å vera forsiktige.

Strengt: Kommunestyremedlemane i Lom sit med munnbind tysdag kveld. Frå venstre: Eva Birgitte Stee (Sp), Jeanette Schakenda, Torgeir T. Garmo og Kjell Brandsar (alle Lomslista).   Foto: Vigdis Kroken

Nyheiter

– Dagen i dag starta med møte med helseministeren, og etter dette har det gått slag i slag. Vi hadde møte i kriseleiinga like før dette møtet vart sett, sa ordføraren, som oppmoda politikarane til å bruke munnbind. Han bad óg om at politikarane ikkje blandar seg meir enn naudsynt når det blir matpause.