Sjå video: Julemarknad og gamaldags griseslakting i Vågå

På tunet i Ullinsvin var det laurdag gamaldags griseslakting. Jonas Larsen og Lars Tessneset synte korleis ein gjer det med slakting av gris, frå skolding til oppdeling av skrotten. Inne i Galleri Ullinsvin var det julemarknad med husflid, handverk og mat. 20 utstillarar deltok på julemarknaden. Arrangør var Vågå husflidslag, Vågå historielag, Ullinsvin drift og Gudbrandsdalsmusea.
Nyheiter