Fjuken-nissen og Sørøvren er attende frå 1. desember - sjå smakebit av årets adventskalender

Det blir 24 episodar både med og utan poeng, når Fjuken-nissen og Ola Sørøvre skal stå for innhaldet i Fjuken sin digitale adventskalender i desember.

1. desember er det premiere på Fjuken sin adventskalender.

Nyheiter

Kvar dag i perioden 1.-24. desember vil den beint fram illsinte Ola Sørøvre, og den alltid like forskrekka Fjuken-nissen opne ei ny videoluke i adventskalenderen på Fjuken si nettside.

Mange vil nok dra kjensel på desse karane frå adventskalendrar for ein del år attende.

«Fjuken-nissens og Sørøvrens juleverkstad» er namnet på årets splitter nye kalender på www.fjuken.no. Her vil dei medverkande by på seg sjølve, og servere episodar både med og utan poeng.

Kvar dag blir det også konkurranse og premiering. I slutten av kvar episode vil sjåaren nemleg få eit spørsmål med tre svaralternativ. For å bli med i trekninga av «dagens premie», beståande av Fjuken-effektar, førjulsgodt eller anna, må ein sende inn rett svar på e-post innan midnatt, til adressa: konkurranse@fjuken.no, eller på SMS til nummer 97065025. Vinnar blir offentleggjort dagen etter.

«Fjuken-nissens og Sørøvrens juleverkstad» har premiere onsdag 1. desember.