Lomværen Arnt Joar og countrystjerna Willie Nelson er gode kameratar

– Det hender seg at eg får meldingar, ja. Han lurar på korleis det går. Somme gonger pratast vi på telefonen òg.

Musikk er alt: – Eg greier ikkje å slutte med musikk, og kjem nok til å spela og syngje til eg sluttar å puste, seier 49 år gamle Arnt Joar Bråten.  Foto: Vigdis Kroken

stjerner i sikte: Arnt Joar Bråten møtte Willie Nelson for fyrste gong i 1998, året etter at han var med i «Stjerner i sikte» på TV2. privat foto 

75 år: Da Willie Nelson fylte 75 år, fekk han ei gåve frå Arnt Joar: Ein gitar som Lars Inge Nyøygard hadde måla og dekorert. privat foto 

Nyheiter

Arnt Joar Bråten i har hatt Willie Nelson som inspirasjonskjelde heile livet. Den 49 år gamle lomværen har møtt den verdskjende countrystjerna fleire gonger.

For Arnt Joar Bråten er det musikk som er livet. Det er berre slik det er.

– Livet utan musikk? Da hadde eg ikkje overlevd, slår han fast.

Det fyrste minnet han har, er ein julekveld som liten gut. Han fekk ei tromme frå foreldra sine.

– Eg laga leven heile kvelden, sjølvsagt. Dei angra bittert på den julegåva, skrattar Arnt Joar, som fortel at musikkinteressa berre balla på seg opp gjennom åra.

Han gjekk på orgelkurs som niåring. På ungdomsskulen vart han med i ei rock- og countrygruppe saman med Jørgen Vole, Kjell Nøygard, Øyvind Angard og Trond Volden. Gruppa heitte Stæsh.

Det vart fleire grupper etter kvart: Stubbom diesel- og daugras, blant anna – med Rolf Morten Hosarøygard, Merete Byre-Haakensen, Olav Galde og Karl Erik Øyøygard.

– Eg spelte keybord og starta etter kvart å syngje. Det balla på seg. Gitar og trekkspel starta eg med i sjuande klasse, og så vart eg med i ulike gamaldansgrupper. Det var musikk det handla om. Eg var med nokre år i fotballen, men det valde eg bort. Talentet mitt låg nok i musikken, i alle fall ikkje i fotballen, humrar Arnt Joar.

Etter eit par år på folkemusikkskule i Valdres, der han òg var med i ulike grupper, bestemde han seg for å bli gardbrukar da familien kjøpte Åmillåm, eit bruk nokre hundre meter nedanfor Flåklypa, på solsida.

– Eg har alltid vore glad i dyr. Trass i at det var mykje å gjera som gardbrukar, gav eg aldri slepp på musikken. Eg vart med i fleire grupper, blant anna Ramstadstråndingein – og derfor vart det festspeling nesten kvar einaste helg. Vi vart forresten Noregsmeistrar i gamaldans i 1995.

Men så kom «Stjerner i sikte» på TV2, og livet vart plutseleg mykje meir spennande enn Arnt Joar kunne forestille seg.

Programmet handla om å imitere ulike artistar, og Arnt Joar bestemde seg for å imitere Willie Nelson.

– Eg var i Oslo på audition to gonger, og fekk beskjed om at eg skulle få bli med. Det vart sendt ti program. I kvart program skulle det gå vidare ein person. I tillegg skulle det gå vidare ein person til: Vedkomande som fekk flest publikumstemmer.

Eg var med i program tre, og vart utslått av ei som imiterte Carola. Men: Nokre dagar før finalen, fekk eg beskjed om at eg var den som hadde fått flest stemmer frå publikum – og dermed var eg finalist. Denne skulle gå føre seg i Stockholm. Alt var direktesendt og vi skulle syngje ein gong kvar.

– Da var du nervøs?

– Ja, men eg kom meg gjennom det. Eg kom på andreplass. Toril Moe gjekk av med sigeren. Ho imiterte Celine Dion.

For fyrste gong fekk Arnt Joar Bråten kjenne på korleis det er å vera kjendis, trass i at dette var før sosiale medium.

– Det skjedde mykje rart. Eg fekk mange brev, kort og telefonar frå heile landet og fekk mange spelejobbar. Det var alt frå å spela eit par nummer på gebursdag, på bryllaup, på konsertar eller i private lag. Eg sminka meg, tok på meg flettene og reiste rundt om i landet. Artig var det, minnest Arnt Joar.

Arnt Joar Bråten og Willie Nelson har ikkje sleppt taket i kvarandre ennå, om ein kan seia det slik. I dag er Arnt Joar medlem i gruppa «Little Willie & Ghostriders», som består av eit knippe erfarne musikarar med lang fartstid i bransjen. Dei spelar countrymusikk, sjølvsagt – og aller mest spelar dei Willie Nelson-låtar.

Nyleg spelte dei inn nye låtar. Dei ligg på Spotyfy, på Youtube og på andre kanalar rundt om på nettet.

– Spør ikkje meg korleis dei nettgreiene fungerer, for det har eg ikkje greie på. Men eg har fått fortalt at det er mange som lyttar til låtane. Eg merkar det på meldingar som kjem inn òg, frå folk rundt om.

Men attende til Willie Nelson. Countryartisten tek til å bli ein gamal mann: 88 år. Arnt Joar har vorte invitert heim til han fleire gonger, i Texas.

– Det er nå messom langt unna, da. Det har ikkje vorte nokon Texas-tur ennå, men eg må kanskje snart gjera det. Vi får sjå. Eg kan nok ikkje vente for lenge.

Arnt Joar Bråten har møtt Willie Nelson fire gonger, den fyrste gongen i 1998, året etter «Stjerner i sikte».

– Eg fekk møte han i Oslo konserthus, det var TV2 som hadde kontakta han for meg. Eg var skrekkeleg nervøs, men han var heilt vanleg, som ein person eg like godt kunne møtt her i Lom. Det fyrste han spurte om var om eg drakk. Eg sa ja, og da fekk eg overrekt eit krus. Han sa at eg skulle drikke av det, og det gjorde eg – og da vart nervane borte. Vi prata lenge. Willie skulle på noregsturnè og han spurte om eg ville vera med og spela for han, som oppvarming. Men eg hadde gard og dyr, så det var vanskeleg. Eg måtte takke nei.

På dette møtet hadde Arnt Joar med seg ein gitar som han bad Willie Nelson om å signere.

– Han tykte gitaren var jælma fint måla, og det var han! Det var nemleg Lars Inge Nyøygard som hadde dekorert gitaren min. Willie spurte om han fekk kjøpe gitaren, men eg ville ikkje selja han. Da han fylte 75 år, derimot - fekk eg møte eg han på nytt. Eg tenkte det var på tide å gje han ei skikkeleg gåve, så da fekk han gitaren han hadde så lyst på. Han vart enormt takksam. Gitaren har han hengande over peisen heime hjå seg.

Arnt Joar har berre godt å seia om Willie Nelson.

– Trass i at han er ei verdsstjerne, er han audmjuk og jordnær – og oppteken av å halde god kontakt med fans rundt om. Etter konsertar går han alltid ned til publikum for å slå av ein prat. Det er ikkje mange stjerner som gjer det i dag. Mange blir høge på seg sjølve og mistar fotfestet. Ein slik person er definitivt ikkje Willie Nelson, han er berre heilt vanleg og ulålete.

Arnt Joar har slutta som gardbrukar. I 2000 fekk han juling av ein okse og vart hardt skadd i ryggen, så skadd at det vart umogleg å fortsetja som gardbrukar.

Men å spela musikk går stort sett bra, trass i at han framleis slit med sterke smerter.

– Eg greier ikkje å slutte med musikk, og kjem nok til å spela og syngje til eg sluttar å puste. Det er nok slik med Willie Nelson òg, vil eg tru. Trass i at han er godt vaksen, håpar eg han vil fortsetja heilt til han sluttar å puste han òg.