Tytingen streikar i dag: – Vi gjer det i solidaritet med andre private barnehagar

I dag streikar private barnehagar over heile landet i protest mot kutt i statsbudsjettet. Tytingen gards- og naturbarnehage i Vågå er ein av desse som går ut i streik frå klokka 14 onsdag.

Kamp: –  Vi ynskjer å drive ein god barnehage framfor stadige kampar mot dårlegare vilkår, seier Evy Renate Kveen i Tytingen gards- og naturbarnehage.   Foto: Arve Danielsen

Nyheiter

– Vi gjer dette i solidaritet med alle dei andre private barnehagane i landet, seier Evy Renate Kveen i Tytingen gards- og naturbarnehage som held hus på Klones.