Pål frå Vågå er dommar i eliteserien i handball: – Det er tøft å vera dommar

Pål Alexander Valbjør får mykje kjeft i deltidsjobben sin som dommar i eliteserien i handball for kvinner. Men med over tjuge år med dommarerfaring på baken tolar han det godt. Nå er han også kvalifisert til å dømme eliteserien for herrer.

Mykje farting: Pål Valbjør fartar mykje, særleg denne tida her. Sist helg var han i Oslo og dømte kampar i både 1.divisjon herrer og eliteserien for damer.  Foto: privat

Nyheiter

– Eg kunne skrivi bok om all kjeften eg har fått slengt til meg som dommar, humrar vagværen som er busett i Levanger med kjæraste og to born. I trøndelagsbyen har han budd sidan han gjekk på handballinja på Skogn folkehøgskule.