Jarmund har kontrakt med eliteserieklubb, men er usikker på framtida

Jarmund Øyen Kvernstuen har kontrakt med HamKam ein sesong til. Vårdølen er likevel usikker på om han retunerer til den ferske eliteserieklubben. Det kan gå mot eit nytt utlån for den tidlegare Lom-spelaren.

Spennande tid: Jarmund Øyen Kvernstuen har kontrakt med Hamarkameratene i eitt år til, men er usikker på om det ender opp med spel på Hamar eller utleige att. 

Nyheiter

– Det blir nok ikkje lettare å spela seg inn i HamKam-troppen nå som dei tek steget opp, og skal spela på det øvste nivået i norsk fotball. Eg har ikkje prata med klubbleiinga. Det blir nok fyrst mot slutten av året at det kjem ei avklaring når det gjeld framtida mi på Hamar, seier Jarmund, som har kontrakt med eliteserieklubben eitt år til.