– Eg vil jobbe med menneske og omsorg

Brynhild meiner sjølv ho er munter, snill og rar og at ho om ti år har jobb og hus. Brynhild er 15 år, bur i Nordberg, går i 10. klasse på Skjåk barne- og ungdomsskule, likar å drive med kunst og ser fram til jul.

Vil jobbe innan helsesektoren: Brynhild Ødegård i Skjåk skildrar seg sjølv som munter, snill og rar. Ho har lyst til å ta utdanning innan helsesektoren. Kanskje blir det helse og oppvekst på vidaregåande på Otta neste år.  Foto: Tom Erik Solstad

Nyheiter

Kva er mest spennande med Skjåk?

– At det er ei ganske lita bygd som er utruleg samansveisa. Alle veit kven alle er, og det er trygt og godt å bu her.