Anne Mari inviterer til julemarknad på setra

Baristabudeia Anne Mari Sandvær Formo har fått på seg nissehuva og er klar for årets julemarknad på Kalven seter.

Julemarknad: Baristabudeia Anne Mari Sandvær Formo har funne fram nissehuva si og ynskjer velkome til seters på julemarknad fyrste helga i desember. Her blir det moglegheit for å kjøpe julepynt, konfekt, julebakst og sjølvsagt nymale julekaffe. – Og det blir gåvejakt rundt på tunet for ungar der det er om og gjera å finne ut kor mange gåver som er gøymt, fortel Sandvær Formo. 

Nyheiter

Helga 4. og 5. desember er det julemarknad på Kalven seter ved Lemonsjøen.