Skjåkprisen til Ståle Bøje - stipendet til Edvard Haugen

– Utan Ståle Bøje, ikkje noko Skjåkmjøl eller Skjåkgryn.

Stipendvinnar: Edvard Haugen fekk Skjåk kommunes kulturstipend for 2021.  Foto: Elling Starrem

Prisvinnar: Ståle Bøje fekk tildelt Skjåkprisen av ordførar Edel Kveen ved ei privat tilstelling fredag.  Foto: Kari Hånsnar

Nyheiter

Tidlegare møllesjef Ståle Bøje fekk fredag Skjåkprisen for 2021. Han var ikkje sjølv til stades på Skjåkkvelden, men fekk prisen tildelt tidlegare fredag.

Det var 1980 «eventyret» om bygg frå Skjåk tok til. Da fekk Bøje til eit samarbeid med Ofossen Mølle. Han såg eit potensiale i foredla bygg frå bygda. Bygget frå Skjåk hadde allereie i 1936 fått gullmedalje for kvaliteten på verdsutsillinga i Paris.

I 1987 innleia Bøje eit samarbeid med Arne Brimi, den gongen kokk på Fossheim i Lom. Det vart laga oppskrifter og oppskriftshefte og byggmjøl og byggryn frå Skjåk vart omtala i riksdekkjande media og i 1989 tok salet av og mjøl og gryn vart etter kvart brukt i mange produkt. Dei siste åra har særleg Tine synleggjort bygg frå Skjåk. På pakningane deira står det klart kvar det gode kornet kjem frå.. Kvar veke leverer Ofossen Mølle 5.000 kilo til Tine.

– Utan Ståle sin iherdige innsats og brennande interesse for Skjåkmjøl og Skjåkgryn og hans unike pågangsmot og optimisme, hadde desse produkta neppe vore produsert i dag. Marknadsføringa og bruken av mjølet og gryna, og ikkje minst all omtale som desse produkta gjev har sett Skjåk på kartet på ein svært god måte, heiter det mellom anna i grunngjevinga for tildelinga av prisen.

Ståle Bøje har òg brukt mykje tid på friviljug arbeid, mellom anna som drivkraft i teatergruppa i UL Fram.

Skjåkstipendet vart tildelt Edvard Haugen.

Han er eit godt talent innan skyting og skiskyting, og går på vidaregåande skule Stryn for å koma nærare eit aktivt skimiljø.