Anne Othilie skal syngje duett med Helene Bøksle: – Eg gler meg

Songtalentet Anne Othilie Bakke frå Vågå skal syngje duett med Helene Bøksle, ein av Norges beste songarar.

Gler seg til konsert: Anne Othilie Bakke gler seg til å syngje duett med Helene Bøksle i Otta kulturhus. Det unge songtalentet har bestemt seg for å satse på song og musikk, og tek nå privattimar i song. Duetten med den folkekjære artisten blir ein inspirasjon i denne satsinga for Anne Othilie.   Foto: Arve Danielsen

Nyheiter

13 år gamle Anne Othilie Bakke imponerte stort da ho i juni var med og song under Otta musikkforening sin sommarkonsert i Otta kulturhus.