– Vi er ved eit kritisk punkt for landbruket i Skjåk

Jerven er eit stort problem i Skjåk. Formannskapet vil gjera det dei kan for å redusere konfliktnivået mellom jerv og beitedyr.

Jerven: Frå at dei store tapa har vore noko avgrensa til enkelte område, er det nå auka og til dels store tap i nær alle Skjåk beite- og sankelag sine område.   Foto: Arkiv

Nyheiter

– Det overordna målet er å redusere konfliktnivået og auke uttaket. Eg har vore på fleire møte med beitelaga. Dei lir store tap og det er stor frustrasjon, men det er ingen som har teke til orde for å utrydde rovdyra. Det tykkjer eg dei skal ha all ære for, alle dei som står i denne fortvila situasjonen, innleidde ordførar Edel Kveen da formannskapet fekk saka «Prosjekt berekraftig sameksistens med sau og jerv i utmarka» til behandling sist tysdag.