Reidar får sin skikkelege seniordebut på Beitostølen

Reidar Aurmo er noko så sjeldan som ein langrennsenior frå Nord-Gudbrandsdalen som satsar på ein idrett der det er vanskeleg å nå toppen. Til helga sesongdebuterer han på Beitostølen og er spent framfor møtet med fleire av verdas beste.

GLER SEG: Reidar Aurmo gler seg til å koma i gang med det som blir hans første sesong på seniornivå. 20-åringen frå Lom er spent på kva denne sesongen vil bringe.  Foto: Svein Halvor Moe

Nyheiter

– Det blir godt å koma i gang med sesongen. Renna på Beito betyr ikkje så mykje for meg som for dei beste. Dei viktigaste renna for meg kjem etter jul, seier Reidar Aurmo som går på ingeniørhøgskolen på Gjøvik og bur på Lillehammer.