Omdømearbeidet i Skjåk: – Eg vart Skjåk-patriot etter ein rundtur med folkevogn

Kor mange gonger har du, som skjåkvær, invitert ein innflyttar eller ein flyktning på middag? Eller på jakt? Kanskje er det nettopp slike initiativ som kan få folk til å bli verande i bygda.

Det viktigaste: – Det aller viktigaste er den menneskelege ressursen som kan møte dei som kjem hit. Det er mykje viktigare enn enda fleire brosjyrar som skal fortelja kor fint det er i Skjåk, sa Morten Kielland (Bygdalista).   Foto: Vigdis Kroken

Nyheiter

Målet med omdømestrategien er å gjera Skjåk betre kjent og styrke posisjonen som ein attraktiv kommune.