Tvillingsystre takka av etter til saman 61 år som reinhaldarar i kommunen

Nå er Anna B. Lien og Mari Krøkje pensjonistar.

Pensjonistar: Tvillingsystrene Anna B. Lien og Mari Krøkje er nå pensjonistar, etter til saman 61 år som reinhaldarar i Skjåk kommune.  Foto: Tom Erik Solstad

Nyheiter

Anna har arbeidd som reinhaldar i Skjåk kommune i 25 år, og Mari i 36. Tvillingsystrene, som fylte 65 år i oktober, fortel at dei fyrst og fremst kjem til å sakne det sosiale, nemleg å treffe og prate med folk både på kommunehuset og i Skjåkhallen, der dei har hatt sine faste arbeidsplassar i alle desse åra. Sjølve vaskinga derimot, kjem ikkje systrene til å sakne noko vidare.