Nye Veier arrangerer informasjonsmøte om ny E6

Nye Veier og E6-kommunane i Gudbrandsdalen inviterer nå til nye informasjonsmøte om E6 gjennom kommunane Ringebu, Øyer og Sel.

Oppstart: Sel kommune har annonsert oppstart av arbeidet med reguleringsplaner om E6-strekningen Sjoa – Solhjem/Otta.  Foto: Nye veier/Illustrasjon

Nyheiter

Dei tre kommunane Øyer, Ringebu og Sel har annonsert oppstart av arbeidet med reguleringsplanar og lagt ut planprogrammet for prosjektet på høyring.

Nå inviterast både innbyggjarar, næringsliv og interesseorganisasjonar til opne møte og kontordagar.

Det fyrste møtet blir arrangert i Sel onsdag 17. november. Så følger Ringebu og Øyer på med eigne arrangement 6. og 8. desember.

– Gjennom pandemien har vi halde framdrifta ved hjelp av digital samhandling. Nå ser vi fram til å kunne møte innbyggjarane ansikt til ansikt, og få til ein tett og god medverkingsprosess om ny E6 saman med folket i Gudbrandsdalen, seier Bjørn Åmdal, prosjektleiar i Nye Veier.

Forslaga til planprogram, som er lagt ut på høyring, greier ut for korleis reguleringsprosessen skal gjennomførast, og når endeleg planprogram blir fastsett blir dette ei slags «kokebok» for planprosessen. Det er også eit mål at planprogrammet fastset kva for alternativ det skal arbeidast vidare med der dette enda ikkje er avklara.

– Nå håpar vi på aktive innbyggjarar som stiller spørsmål og kjem med innspel til planprosessen. God medverknad er ein føresetnad for å få fram eit godt og realiserbart vegprosjekt gjennom Gudbrandsdalen, seier Åmdal.

Nye Veier planlegg å starte på arbeidet med reguleringsplanane på nyåret. Når reguleringsplanane blir lagt ut på høyring, blir det arrangert nye informasjonsmøte med meir detaljert innhald.

Folkemøtet i Sel blir arrangert i Otta kulturhus, og i Ringebu møter Nye Veier innbyggjarane på Tromsvang på Fåvang. I Øyer er det førebels ikkje bestemt kvar møtet skal haldast.

Nye Veier opplyser at det også blir mogleg å følgje møta digitalt.