I år blir det julemarknad i Garmo bygdahus att

Eit tjuetals utstillarar er på plass når julemarknaden i Garmo bygdahus blir arrangert neste helg.

Mykje folk: Den årlege julemarknaden i Garmo bygdahus brukar å samle mykje folk, både utstillarar og besøkande. Dette bildet er frå julemarknaden i 2018. Arve Danielsen/Arkiv 

Nyheiter

Laurdag 20. november blir det julemarknad i bygdahuset, og arrangørane håpar på mange besøkande, noko det brukar å vera. Julemarknaden i Garmo har vore arrangert i ei årrekkje, men måtte i fjor avlysast på grunn av koronapandemien.