Rykka ut etter melding om røykutvikling i Skjåk

Lom og Skjåk brannvesen fekk sundag ettermiddag melding om røykutvikling i Vuluvegen i Skjåk.
Nyheiter

Frå Alarmsentral Brann Innlandet får Fjuken ved 15-tida sundag opplyst at brannvesenet er på veg til Vuluvegen, vest for Billingen i Skjåk, etter å ha fått melding om røykutvikling.

Førebels har ikkje brannvesenet meir informasjon å gjeva oss når vi pratar med dei.

Frå operasjonssentralen i Innlandet politidistrikt får Fjuken opplyst at også politiet har rykka ut til hendinga.

– Vi vart varsla av brannvesenet, og har mannskap på veg. Ingen er så langt framme på staden, så vi veit ikkje noko anna enn at det er prat om røykutvikling. I beste fall er det berre prat om bålbrenning eller noko anna på utsida av ei bygning, men i verste fall kjem røyken frå inne i eit bygg, seier operasjonsleiar Arne Norevik.

Klokka 15.45 får vi opplyst frå vaktleiar Eirik Haugen i 110 Innlandet at situasjonen er under kontroll.

– Det ser ut som at dette har gått greitt. Vi kan stadfeste at brannen er sløkt, og at brannvesenet nå driv med utlufting, seier Haugen.

Vaktleiaren fortel at hendinga skjedde inne i ein fritidsbustad.

Ved operasjonssentralen i Innlandet politidistrikt får vi fortalt at ingen personar kom til skade.

– Det var ingen personar inne i bustaden. Det er uvisst kva årsaka til branntilløpet var, opplyser operasjonsleiaren.