Har bestemt seg for å selja Akantus Blomster

I april i år tok Beate Sandviken over blome- og interiørbutikken Akantus på Skjåk kjøpesenter. Av helsemessige grunnar har 25-åringen nå bestemt seg for å selja.

Sel butikken: Beate Sandviken har bestemt seg for å selja blome- og interiørbutikken Akantus på Skjåk kjøpesenter. – Eg gjer dette av helsemessige årsakar, seier 25-åringen, som håpar at einkvan vil ta over og drive butikken vidare.  Foto: Tom Erik Solstad

Nyheiter

– Det er viktig for meg å få fram at eg gjer dette av helsemessige årsakar, og at det ikkje er det at Akantus ikkje går bra. Det er nemleg det eg er redd folk nå skal tru om meg, men butikken går bra. Dette har ikkje vore noko lett val for meg, faktisk jælma vanskeleg, seier Beate Sandviken.