Dølakappleik med mange talent og gode prestasjonar

Grunna koronapandemien har Gudbrandsdalskappleiken vorte utsett fleire gonger, men i helga kunne Vågå kulturhus endeleg fyllast med song-, spele-, og danseglade deltakarar.

Kappleik: Endeleg kunne Gudbrandsdalskappleiken gjennomførast. Kappleiken gjekk føre seg i Vågå kulturhus laurdag ettermiddag og kveld, der 14 klasser stod på programmet. Her er det Vågå juniorspelmannslag som er i aksjon.  Foto: Tom Erik Solstad

Nyheiter

Heile 14 klasser stod på programmet i kulturhuset laurdag ettermiddag og kveld, under Gudbrandsdalskappleiken. Det var Vågå spel- og dansarlag som var arrangør for kappleiken, som bestod av om lag 30 startnummer.