Uviss framtid for Nordheim i Skjåk - håpar på engasjement

Framtida til ungdomslagshuset og festlokalet Nordheim i Skjåk er framleis uviss. Nå håpar ei aksjonsgruppe på innspel og stort engasjement, slik at ein kan avklare framtida for huset som har betydd mykje for mange i bygda.

Treng innspel og engasjement: Dei kallar seg ei aksjonsgruppe, og vil ta vare på det gamle ungdomslagshuset Nordheim, som står vest for Nordberg skule i Skjåk. Nå ynskjer dei innspel og engasjement for å avklare framtida for huset. Frå venstre: Nils Henry Fosstuen, Astrid Gjertsen, Magnhild Åndheim, Jakob Moen og Arne Teigum. 

Nyheiter

– Tenk om vi for eksempel kunne ha flytta dette huset til Bångråttjønn. Der har vi nå fått Fel-Jakup-stugu på plass, og da hadde vi fått både ei spelemanns-stugu og eit gamalt ungdomshus. Det trur eg ville vorte fint.