Trafikkulykke på rv15 i Skjåk

Alle naudetatane rykka fredag kveld ut til ei trafikkulykke på riksveg 15 ved Pollfoss i Skjåk.
Nyheiter

Operasjonsleiar Per Solberg i Innlandet politidistrikt fortel til Fjuken at politiet fekk melding om ulykka klokka 20.43 fredag kveld.

– Ein bil med to personar i har gått rundt og hamna på taket på riksveg 15 ved Pollfoss i Skjåk. Vi er ikkje framme på staden ennå, men etter det vi har fått beskjed om ser det ut til å ha gått bra med personane, som båe er ute av bilen, seier operasjonsleiaren rett før klokka 21.

I fylgje politiet skal det vera svært glatt på ulykkesstaden.

Alle naudetatane rykka ut til ulykkesstaden.

Ved 22-tida får Fjuken opplyst frå operasjonssentralen at ingen vart skadd i ulykka.

– Det blir ikkje oppretta noko straffesak. Det var svært glatt på staden, og det er prat om ei rein utforkøyring, seier operasjonsleiaren.

Personane var, i fylgje politiet, franske statsborgarar. Bilen var norskregistrert.