Skjåkordføraren om Glasopor-vedtaket: – Dette kom fort og uventa, og er utruleg skuffande

– Glasopor har gjort alt dei kan. Nå må vi berre stå på vidare, og kommunen må hjelpe til der vi kan. Vi har ikkje lov å gjeva opp!

Glasopor: Glasopor må betale 16,5 millionar kroner av utgiftene staten har hatt til oppryddinga etter oktoberflaumen i 2018.  Foto: Tom Erik Solstad

Nyheiter

Det seier ordførar Edel Kveen i Skjåk til Fjuken, når ho bli bede om å kommentere klima- og miljødepartementet si avgjerd i klagesak om refusjon av statlege midlar frå Glasopor AS. Glasopor må betale 16,5 millionar kroner av utgiftene staten har hatt til oppryddinga etter oktoberflaumen i 2018.