Kulturpris til Torunn Kjøk: – Dette set eg umåteleg pris på

Torunn Kjøk vart fredag kveld tildelt kulturprisen for Lom kommune, for det store arbeidet og engasjementet ho har lagt ned i ei årrekkje for å fremje våre store diktarar og kulturskattar i Lom og Ottadalen. Lom kommune sitt kulturstipend gjekk til langrennstalentet Eirik Fjeld.

Fekk Lom kommune sin kulturpris: Torunn Kjøk vart fredag kveld tildelt kulturprisen for Lom kommune, for det store arbeidet og engasjementet ho har lagt ned i ei årrekkje for å fremje våre store diktarar og kulturskattar i Lom og Ottadalen.  Foto: Tom Erik Solstad

Nyheiter

Lom kommune har lang tradisjon for å dele ut kulturprisen til personar eller lag som har gjort ein særskild innsats for kulturen i bygda. Dette gjeld ein særs innsats over tid eller ein særleg innsats i samband med eit einskild kulturtiltak. Det er Formannskapet som avgjer kven som får kulturprisen, etter innkomne forslag og eigne vurderingar.