Få billettar selde til Festkveld i Utgard: – Folk sit heller heime og ser Oslo-kjendisane på TV

Berre kring 30 billettar er selde til kveldens festkveld i Utgard.

Få: – Sluttar folk å koma på arrangement, vil det vera alvorleg for kulturlivet framover, meiner Håvard Teigen.  Foto: Fjuken/arkiv

Nyheiter

Med namn som Henning Sommero på plakaten, eit engasjerande foredrag om Tor Jonsson, folkekjære lokale aktørar og sist, men ikkje minst utdeling av Kulturpris, skulle ein tru lomværane ville gå mann av huse og ta turen til Utgard.