Dette er den nye Skjåk Energi-sjefen

Heidøl blir konsernsjef i Skjåk

Ny sjef: Per Rune Storødegård er den nye konsernsjefen i Skjåk Energi Holding AS.  Foto: Pressefoto

Nyheiter

Styret i Skjåk Energi Holding AS har tilsett Per Rune Storødegård (49) frå Heidal som ny dagleg leiar. Per Rune er utdanna sivilingeniør frå NTNU i Trondheim og har arbeidserfaring innan teknologi, organisasjon og leiing, sist frå bedriftshelsetenesta i Gudbrandsdalen.