Vil kartleggje kva innbyggjarane meiner om reiselivet

Kva meiner innbyggjarane i Nord-Gudbrandsdalen om reiselivet? Det ynskjer Nasjonalparkriket Reiseliv å få svaret på gjennom ei innbyggjarundersøking.

Innbyggjarundersøking: Nasjonalparkriket Reiseliv AS er i ein prosess der målet er at selskapet skal oppnå merket for «Bærekraftig reisemål» innan hausten 2022. Som ein del av dette arbeidet skal dei gjennomføre ei innbyggjarundersøking. Her frå Vågåmo sentrum.   Foto: Arve Danielsen/arkiv

Nyheiter

– Reiselivet er ei viktig næring i Nord-Gudbrandsdalen som i stor grad røre ved lokalbefolkninga. Vårt mål er at i vi framtida skal ha eit reiseliv til glede for og med omsyn til lokale innbyggjarar, turister og hytteeigarar. Difor er det svært viktig for oss å høyre kva innbyggjarane i Nord-Gudbrandsdal tenkjer rundt reiselivet vårt og at dei kjem med ærlege attendemeldingar på dette, skriv Nasjonalparkriket Reiseliv AS i ei pressemelding.