Vågå takkar nei til brannsamarbeid med midtdalen

Vågå er invitert til å bli med på eit brannsamarbeid med Sel og Midt-Gudbrandsdal. Formannskapet i Vågå støttar ordføraren i at det mest aktuelle er å byggje ein eigen brannstruktur i Nord-Gudbrandsdalen.

Takkar nei: Vågå takkar nei til eit brannsamarbeid med Sel og Midt-Gudbrandsdal.  Foto: Arve Danielsen

Nyheiter

Sel kommunestyre har bede kommunedirektøren om å ta kontakt med Ringebu som er vertskommune for Midt-Gudbrandsdal brann- og feiervesen, med formål om dialog om eit framtidig brannsamarbeid.